Våren 2023 leverte Hedda Hjortdal si masteroppgåve i nordisk ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Oslo: Ibsen på nett
Hjortdal studerer korleis kunnskap om Henrik Ibsen og verka hans vert formidla i Store norske leksikon (SNL) og Wikipedia, og korleis denne formidlinga heng saman med etosen til avsendarane. Hjortdal finn at truverda i dei to nettleksikona er forskjellige fordi sjølve nettstadane har sine eigne institusjonelle etos. Hos SNL er det eit forfattarnamn, oftast ein anerkjend forskar, knytt til kvar artikkel, men ved sida av auka truverd fører dette også til at artikkelen gjerne representerer ein spesifikk fagleg posisjon.
Litteraturformidling og etos hjå SNL og Wikipedia
Hedda Hjortdal
Noko av det eg synest har vore mest spanande å utforske som student i nordisk, er kva rolle litteraturen spelar i samfunnet vårt. Og som lektorstudent har eg vore spesielt oppteken av korleis universitetsfaget nordisk fungerer i skulen. For dei fleste er det litteraturformidlinga i skulen som er inngangen til kunnskap om og interesse for litterære klassikarar. Valet av studieobjekt fall på Ibsen fordi han er ein av dei største og mest påverknadsrike dramatikarane i verdslitteraturen. Han er ein viktig kulturberar og ein naturleg del av lærebøker i norskfaget. Men læreboka er ikkje lenger ein like sjølvsagt del av norskfaget, og i dei nye læreplanane er heller ikkje Ibsen nemnd eksplisitt. Likevel er han sentral i ein «skjult kanon» i skulen: Dei fleste norsklærarar underviser om Ibsen.
Basert på eigne praksiserfaringar trur eg at det i staden for læreboka er nettleksikon som Wikipedia og Store norske leksikon (SNL) som vert mest nytta av elevane. Dei er lette portar til mykje informasjon, til dømes om litterære klassikarar. Målet mitt med denne oppgåva var å undersøke og illustrere nokre implikasjonar av måten litteratur vert formidla av nettleksikona på. Meir spesifikt handlar oppgåva om i kva grad artiklane dekker elevane sine kunnskapsbehov om Ibsen og kva truverd, etos, nettleksikona har som avsendarar. Spesielt Wikipedia har knytt mykje skepsis til seg når det kjem til truverd: Dei fleste som gjekk på skulen eller har studert etter inntoget til Wikipedia, har fått høyre at dei må nytte sida med varsemd og kritisk sans fordi der kan «kven som helst» vere artikkelforfattarar. Eg ville samanlikne artiklane på Wikipedia med dei på SNL, som er anerkjend som ei kvalitetssikra kjelde for forskingsformidling. Eg har undersøkt artiklane om Ibsen på SNL sin bokmålsartikkel og Wikipedia sin artikkel på norsk med utgangspunkt i følgjande todelte problemstilling:
- Korleis vert kunnskap om Henrik Ibsen og verka hans formidla på SNL og Wikipedia?
- Og korleis heng denne formidlinga saman med etosen til avsendarane?
Om korleis artiklane på SNL og Wikipedia blir produserte
Både SNL og Wikipedia er gratis og fritt tilgjengelege oppslagsverk. SNL er eigd av dei norske universiteta, ideelle stiftingar og organisasjonar, og leksikonet er Noreg sin største nettstad for forskingsformidling. SNL har ein liten, engasjert redaksjon som kontrollerer artiklane og fagansvarlege som skriv mykje av innhaldet, og avgjer kva som vert publisert. Det er Erik Bjerck Hagen, professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, som er fagansvarleg for artikkelen om Ibsen på SNL. Dei fagansvarlege er den største kvalitetssikringa SNL har i samanlikning med Wikipedia, der kven som helst, når som helst, kan redigere einkvar artikkel. Det er mål om både kunnskapsformidling og demokratisering som ligg bak Wikipedia, som er verdas største oppslagsverk.
Begge nettleksikona har versjonsloggar som gir lesarane tilgang til alt av informasjon som har vore publisert eller foreslått publisert i artiklane. Eg starta prosjektet mitt med å kartlegge desse. Dette var sentralt for å svare på spørsmålet om kva og kven som ligg bak informasjonen og korleis artiklane faktisk har blitt til. Gjennomgangen min viser at artiklane vert produserte og kvalitetssikra på ulike måtar. Artikkelen på Wikipedia har mange anonyme produsentar og vert oftare redigert, medan artikkelen på SNL har færre produsentar, éin fagansvarleg redaktør og vert redigert sjeldan. Det er eit poeng at for begge leksikona er versjonsloggen med på å styrke etosen deira fordi det gjer at ein kan finne ut kva endringar som er gjort og til kva tid. På SNL får vi òg namnet og stillinga til den som har publisert. Denne moglegheita har ikkje Wikipedia, ettersom bidragsytarane her er anonyme. Men det vi kan sjå er til dømes at det ofte er same bidragsytar som har publisert fleire gongar og at feilinformasjon eller tøys og tull raskt vert retta opp. Dette siste var ei overrasking for meg og styrkar Wikipedia sitt truverd og etos.
Om litteraturformidlinga av Ibsen
Analysen min har vist at begge leksikon presenterer informasjon om Ibsen sin forfattarskap, biografi og resepsjonen i samtid og ettertid, men at dei vektar ting ulikt. Generelt brukar Wikipedia meir plass og er meir detaljert i dei fleste ledd. Detaljrikdomen viser seg til dømes ved at artikkelen på Wikipedia avkreftar vanlege mytar om Ibsen sin biografi, at han presenterer fagfeltet i større grad, og at han gir korte handlingsreferat og resepsjonshistorie til kvart av verka – det gjer ikkje SNL. Dette gjer artikkelen på Wikipedia meir mottakar-orientert og relevant, medan artikkelen på SNL er mykje kortare og fleire stader krev forkunnskapar for at informasjonen skal vere nyttig for mottakaren. Eg finn òg at artikkelen på SNL ikkje er nøytral når det kjem til presentasjon av Ibsen, men vektlegg den meir kritiske resepsjonen han fekk i samtida. Både dette og presentasjonen av biografien, som faktisk reproduserer dei same mytane som Wikipedia avkreftar, kan knytast til haldningane og den faglege posisjonen til Bjerck Hagen, som er forfattar av artikkelen. Vidare er det lettare som lesar å gå innhaldet på Wikipedia i saumane og finne referansar til kvar informasjonen kjem frå fordi referansane kjem undervegs. Litteraturlista til Bjerck Hagen er lang og full av anerkjende forskarnamn. Dette er gode kjelder for litteraturstudentar eller andre spesielt interesserte, men for «mannen i gata» eller ein elev i den vidaregåande skulen er det nok ikkje veldig aktuelt å gå dit. Men så er det eit problem med Wikipedia at det ikkje er alt som står der som har referanse, og då fell mykje av det gode med dette bort. Til dømes er det mykje av resepsjonen som får stå utan referansar. Og analysen av eit verk frå ein enkeltperson som vi ikkje veit kven er, har ikkje like sterk etos som den til ein fagansvarleg professor.
Om etosen til avsendarane
Jan Grue (2007) skriv at samspelet mellom sjangerforventningar og kommunikative mål utgjer eit komplekst felt for sjølvrepresentasjon, og dermed etosen til avsendaren (s. 21). Han peikar på at i nokre tekstsjangrar har vi å gjere med to etosar som kan kome i konflikt med kvarandre. Det gjeld tekstar der sjølvrepresentasjonen er ei samanveving av avsendaren sin personlege etos og eventuelle ytre, institusjonelle etos som ein forfattar er del av (2007, s. 23). På både Wikipedia og SNL fungerer etosen til forfattarane av kvar enkelt artikkel i samspel med etosen til institusjonen som leksikonet er gitt ut av.
Organisasjonsstrukturen til SNL bygger ein sterk innleiande institusjonell etos. Den gjer òg at sjølv om det er fagansvarlege som skriv, opplever nok dei fleste lesarar at avsendaren er ein institusjon og ikkje ein person. Elevane mine vil nok seie at dei har lese noko på SNL, ikkje i ein artikkel av Erik Bjerck Hagen. Wikipedia har ein svakare innleiande institusjonell etos, og anonymiteten i artiklane gjer at ein ikkje kan snakke om nokon personleg etos. Dette er likevel ikkje heilt rett fram – for artiklane er jo skrivne av individuelle bidragsytarar. Versjonsloggen på Wikipedia gir spor av etosbygging og viser ein indre justis som fiksar feil og regulerer informasjonen i artikkelen. Fordi Wikipedia-artiklane vert sjekka av så mange, krev det at bidragsytarane sjølv har ein literacy på nett – dei må vite korleis dei skal nytte kjelder, velje ut oppdatert informasjon og vurdere informasjon som objektiv. Og dette viser det seg at dei i stor grad oppfyller i artikkelen om Ibsen. Eg finn at artikkelen på Wikipedia er meir oppdatert og objektiv enn SNL sin, som viste seg å presentere fleire kritiske haldningar og ei forteljing som passar godt til Bjerck Hagen sin faglege posisjon i Ibsen-feltet. Det er spesielt to moment ved Bjerck Hagen si posisjonering som viser seg i artikkelen om Ibsen.
Det første gjeld korleis han stiller seg til fagfeltet og Ibsen-forskinga for øvrig. Han presenterer dette sjølv i boka Hvordan lese Ibsen? (2015). Her viser han mellom anna til eit skilje mellom «den historiserende førkrigskritikken og den mer teoretiserende etterkrigskritikken» og skriv at han «oppvurderer førstnevnte og ser tydelig begrensningene i sistnevnte» (Hagen, 2015, s. 7). I meldingar av boka har Vigdis Ystad og Ellen Rees kritisert Bjerck Hagen for den nokså gjennomgåande avvisinga av at metodiske og teoretiske fornyingar kan bidra med noko substansielt nytt i forståinga av Ibsen sitt velkjende forfattarskap (2015, s. 339; 2015, s. 101). Faktum er at det har skjedd mykje nytt i Ibsen-forskinga dei siste åra, spesielt når det gjeld biografien.
Det andre momentet ved Bjerck Hagen sin posisjon som eg peikar på, er at han ser ut til å ha som prosjekt som forskar og litteraturvitar å løfte Bjørnstjerne Bjørnson fram for at fleire skal lese han. Dette er til dømes målet hans i boka Livets overskudd. Bjørnstjerne Bjørnsons glemte kvaliteter (2013). I si melding av boka peikar Helge Rønning på at det berre er éin forfattar som Bjerck Hagen systematisk samanliknar med Bjørnson, og det er Ibsen. Samanlikninga er ikkje til Ibsen sin fordel, og det er svakheitene ved Ibsen sine drama, samanlikna med Bjørnson sine, som vert trekte fram. Rønning spør: «Blir Bjørnson bedre av å gjøre Ibsen dårligere?» (Rønning, 2013, s. 257).
Eg vil understreke at det ikkje er noko poeng for meg å kritisere eller gi ei vurdering av Bjerck Hagen som formidlar av Ibsen. Bjerck Hagen si Ibsen-forsking er basert på grundige resepsjonsanalysar, og argumenta han legg fram er legitime for ein forskar i nordisk litteratur å presentere. Men dei er òg uttrykk for eit litteraturfagleg standpunkt. Oppgåva demonstrerer at han som litteraturforskar plasserer seg i ein tradisjon og at han difor ikkje er ein nøytral avsendar. Han presenterer éin bodskap, og det er fleire bodskapar i fagfeltet som lesaren ikkje får gjennom denne artikkelen. I motsetnad til mykje anna forskingsformidling vert ikkje artiklar på SNL fagfellevurdert, og dette gir dei fagansvarlege diskursiv makt på sine felt.
…og til slutt
Analysen min demonstrerer – som Grue (2007) understrekar – korleis ein personleg etos kan kome i konflikt med ein institusjonell etos. Både SNL og Wikipedia har som mål at artiklane skal vere nøytrale og verdifrie, og dette må vel vere målet for eit leksikon. Men litteraturformidling handlar òg om å fortolke og vidareformidle kunnskap for eit publikum. Denne tolkinga og arbeidet med litteraturen må nødvendigvis vere gjort av personar, og dette peikar mot at det er noko subjektivt ved det, i alle fall at det kan vere det. Analysen min viser at det i dette tilfellet verkeleg er ein personleg etos til stades som påverkar bodskapen i artiklane. Kanskje gjer dette paradokset at litteraturformidling i leksikonformat er ekstra utfordrande.
Som lærar vil eg nytte innsiktene frå arbeidet med denne oppgåva i eiga undervising. Eg meiner det både er relevant for elevane å vite korleis nettleksikona fungerer, korleis vi kan vurdere avsendarar på nett og å vise elevane korleis dette heng saman med innhaldet i artiklane. Dette kan bidra til fleire kompetente lesarar av forskingsformidling på nett. I norskfagleg samanheng styrker dette sakprosaen si rolle i forhold til skjønnlitteraturen. Men denne oppgåva demonstrerer òg korleis ferdigheiter som vi knyt til sakprosa- og retorikkompetanse er relevante når vi studerer skjønnlitterære klassikarar som Ibsen.
Litteratur
Grue, J. (2007). Filmanmeldelsens retorikk. Personlig ethos, institusjonell ethos og persona.
Rhetorica Scandinavia 42.
https://www.retorikforlaget.se/da/filmanmeldelsens-retorikk/
Rønning, H. (2015). Erik Bjerck Hagen: Livets overskudd. Bjørnstjerne Bjørnsons glemte kvaliteter. Edda, 102(3), 254–257. https://doi.org/10.18261/ISSN1500-1989-2015-03-08
Ystad, V. (2015). Erik Bjerck Hagen om Ibsen som emosjonell tilfredsstillelse: Hvordan lese Ibsen? Samtalen om hans dramatikk 1879–2015. Edda, 102(4), 337–343. https://doi.org/10.18261/ISSN1500-1989-2015-04-08