Det mykje skrivne – Kva er det og korleis kan det studerast?
«Visst eg mister Cecilie dreper eg meg sjøl», skriv ei jente på 15 år på bloggen sin. «He has a good aquaintance of many of the underground rappers in Oslo” skriv ein oslogut på 14 år om seg sjølv på ei profilside i eit nettsamfunn.
Retorikk og tekstvitskap har tradisjon for å leggja vekt på tekstar som vert lesne og høyrde av mange, men korleis skal me studera og forstå det som mange skriv? Tekstar som bloggar, dagbøker, ytringar på Facebook og andre sosiale medium, norskstilar og samfunnsfagprøvar? Og er det råd å laga nokre overgripande forståingsmodellar som let oss lesa ungdoms tekstar i skule og fritid i samanheng, og utan at vurderingsregimet i skulen er den underliggjande premissen?
Dette er spørsmål Gudrun Kløve Juuhl balar med i doktoravhandlinga I det mykje skrivne. Ei undersøking av ungdoms digitale tekstar i skule og fritid som situerte, retoriske handlingar, som ho disputerer med 13. juni. På retorikkseminaret 19. mai vil ho presentera nokre av svara ho er komen fram til i avhandlinga, som er basert på ei samanføring av element frå retorikk og dialogisme. Ho vil også presentera eit utval av tekstane avhandlinga handlar om, og invitera til lesing av og diskusjon om desse.
Opent for alle interesserte!
Tid: Mandag 19. mai 2014, kl. 12.15-14.00
Sted: Seminarrom 10, P.A. Munchs hus, Blindern
Arr. Forskergruppa for tekst og retorikk, Det humanistiske fakultet, UiO