Kva granskar sakprosaforskarane?

I dag: Aslaug Veum om rosabloggar og lærebøker

I desse dagar får eg sluttført eit lite prosjekt eg har hatt om såkalla rosablogging. I prosjektet har eg følgd med på eit utval av dei mest populære norske jentebloggane som blei publiserte på publiseringsportalen www.blogg.no over ein periode på to år. Funna som eg presenterer i denne artikkelen er delvis baserte på generelle observasjonar, delvis på resultat av næranalysar av fire utvalde bloggar. I artikkelen undersløkjer eg  bloggen som kulturelt og multimodalt fenomen. Hovudmålet med prosjektet har vore å undersøkje korleis ungjenter brukar bloggane sine som ein arena for å etablere og utvikle ulike roller og relasjonar i samspelet mellom personlege og kommersielle diskursar.

Foto: Høgskolen i Vestfold
Foto: Høgskolen i Vestfold

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Medan sjangerforskarane Miller og Shepherd (2004) hevdar at bloggarar generelt konstruerer heilskaplege og samanhengande identitetar, er eit av mine hovudfunn at ungjentebloggarane gjennomgåande står fram i tvitydige roller i forhold til lesarane sine. Tvitydigheita kjem til uttrykk både verbalt og visuelt, og på fleire ulike nivå. Språkleg og visuelt skaper jentebloggarane inntrykk av både intimitet og likskap, men samstundes distanse og suverenitet. Bloggarane balanserer framstillingane sine mellom  ein privat diskurs og ein meir kommersiell diskurs  På den eine sida deler dei tankar i form av dagbokliknande framstillingar. På den andre sida opptrer dei i meir dominante roller, som rådgjevarar og seljarar av ymse produkt som  sminke, klede og kosthaldstilskott.

Artikkelen har tittelen: Blogging på rosa skjerm. Om roller og relasjonar i ungjentebloggar (Veum 2013) og kjem ut i ein svensk skriftserie nå i oktober: Text, kontext och betydelse. Sex nordiska studier i systemisk-funktionell lingvistik (red. Hållsten, Stina, Hanna Sofia Rehnberg, & Daniel Wojahn, (Södertörns högskola, Sverige).

Les mer «Kva granskar sakprosaforskarane?»