
Åshild Slåen leverte sin masteroppgave i Retorikk og språklig kommunikasjon, ILN, UiO, våren 2020.
«Hvordan føles det for deg å få orgasme?»
«Etter du fylte 18 år, har du følt seksuell opphisselse når du har på deg kvinnelige klær?»
«Hvor ofte møter du gjennomsnitlig (sic) andre mennesker enn transseksuelle?»
Dette er spørsmål du kanskje aldri har måtte tenke på, men for personar som søker medisinsk kjønnsstadfestande behandling i Noreg vil dei vere kjende. Spørsmåla er nokre små utdrag frå spørjeskjema som må fyllast ut i evalueringsfasen av eit behandlingsløp som startar ved Nasjonal Behandlingsteneste for Transseksualisme, eller NBTS ved Rikshospitalet (1). Tekstar nytta innan helsetenesta blir sjeldan undersøkt frå eit språkfagleg og retorisk perspektiv, sjølv om det kan gje større innsikt i korleis tenesta kommuniserer med pasientar. Samstundes er behandlinga av personar som ønsker medisinsk kjønnsstadfestande behandling under endring, grunna norsk godkjenning av den ellevte revideringa av den internasjonale diagnosemanualen ICD-11 frå 2019.
Topoi – retoriske stader – i spørjeskjemaet
I mi masteroppgåva valte eg difor å ta for meg spørjeskjema som blir gitt til vaksne pasientar ved NBTS. Problemstillinga mi er: Kva slags topoi inneheld spørjeskjema nytta ved NBTS, og korleis passar dette inn i ein større samfunnsdiskurs rundt transpersonar?
Metoden eg nyttar i oppgåva er toposanalyse, og eg baserer den på framgangsmåten Ole Togeby utviklar i Steder i Bevidsthedens Landskab. Michel Foucault sine teoriar om språklege diskursar som maktutøving dannar det større teoretiske rammeverket i oppgåva, noko som medfører eit sterkt historisk perspektiv. Tekstmaterialet fekk eg tilsendt i 2019 då eg spurte etter dokument nytta i behandling av vaksne pasientar ved NBTS, og eg har avgrensa analysematerialet til spørjeskjema.
Ikkje alle spørsmåla er lik dei i starten av denne teksten. Når ein person blir evaluert for å få kjønnsstadfestande behandling ved NBTS, inneber den første delen å svare på ni forskjellige spørjeskjema som skal dekke omfattande tema, inkludert familiehistorie, barndom, mental helse, og spesifikke spørsmål om kjønn. Svara dannar dermed eit grunnlag for vidare samtale og evaluering. Med over 400 spørsmål og påstandar som skal svarast på eller rangerast, er dette eit høve for pasienten å bidra med ei stor mengde data til det medisinske personalet.
Les mer «Kjønn etter medisinsk skjønn. Ein toposanalyse av medisinsk spørjeskjema nytta ved Nasjonal Behandlingsteneste for Transseksualisme.» →