Abstract til Forum for tekstforskning 2021.
Vi ønsker å presentere forskingsprosjektet Critical Literacy in a Digital and Global Textual Word (CritLit) og korleis kritisk literacy kan vere ein inngang til demokratisk medborgarskap.
Kritisk literacy er eit felt for undervisning og forsking som har to grunnpilarar. Den eine gjeld utvikling av elevane si evne til å ytre seg og utøve kritikk. Den andre gjeld utvikling av elevane sine språklege og tekstlege ferdigheiter, og forståing av korleis språk og tekst er kopla til handling og makt (Rogers & O’Daniels 2015).
CritLit tek båe perspektiva og har ei tredelt målsetjing: 1) kartlegge noverande undervisningspraksisar, 2) utvikle pedagogiske modellar og læringsverktøy, og 3) generere og implementere forskingsbasert kunnskap om kritisk literacy i ungdomsskulen og lærarutdanninga.
I prosjektet samarbeider forskingsmiljø ved tre universitet (Universitetet i Søraust-Norge, Universitetet i Agder og Australian Catholic University) med lærarar og elevar ved seks ungdomsskular i Aust-Norge. Prosjektet går over tre år (2020-2023) og er finansiert av Norges Forskningsråd.