– Først og fremst har vi invitert forfattarar vi har stor tru på, som
skriv god litteratur. Vi har også bevisst invitert forfattarar som har skrive bøker som går rett inn i dei store, viktige spørsmåla i vår tid.
På festivalen vil det handle om klima og natur, vald og terror, tru, etnisitet og den overordna tematikken som er identitet, seier festival-
sjef Teresa Grøtan.
Vi ønsker Bergens nye litteraturfestival velkommen! Den lover bredde med 50/50 internasjonalt og norsk program, og 50/50 med sakprosa
og skjønnlitteratur.
– Målet er ein internasjonal festival som foreiner litteratur, samfunn og politikk. Vi er veldig glade for å få besøk frå så mange forfattarar som har markert seg med svært gode utgivingar om verda og tida vi lever i, seier Grøtan.
Vi anbefaler blant så mye annet anbefalelsesverdig, tre litterære samtaler:
Kjensla av verda
Frå 1997 – 2015 leia Heinz Bude forskingsgruppa “The Society of
the Federal Republic of Germany” ved Hamburg Institute for Social Research. Sidan 2000 har han vore professor ved Institutt for makrososiologi ved Universitetet i Kassel.
Bude har gitt ut ei rekke bøker, og har mellom anna fått mykje merk-semd internasjonalt for The Society of Fear, der han skildrar samfunnet vi lever i som karakterisert av frykt, frå framveksten av terrorisme til usikkerheita knytt til økonomiske kriser og lavkonjunktur. Bude avdekkar eit samfunn prega av usikkerheit, undertrykt sinne og stille harme, og skildrar korleis denne frykta ikkje så mykje stammar frå “a powerful other”, men heller frå dei tilsynelatande uendeleg mange moglegheitene vi står overfor.
Korleis speglar dei mest intime rørslene i oss – kjenslene – større endringar i samfunnet? Det er spørsmålet den tyske sosiologen Heinz Bude stiller i si nyaste bok The Mood of the World. I denne undersøker han korleis det vi trur er heilt privat i røynda også er ganske offentleg – og kva dette har å seie for korleis vi skapar vår identitet.
Bude møter Anne Gjelsvik, professor ved NTNU, til samtale.
Samtalen vil vere på engelsk
Ubundne kontraktar
Korleis vi les bøker, blir mellom anna forma av våre forventningar til teksten. Om det står «roman» på omslaget, vil vi lese på ein annan måte enn dersom det står «essay». Har forfattaren eit ansvar for å klargjere korleis teksten skal bli lesen? Og kva skjer når forfattaren vel å bevege seg mellom ulike sjangrar i ei og same bok?
Den kroatiske forfattaren Dubravka Ugrešić er kjend for sine sjanger-overskridande bøker. Ho snakkar med kritikar Ane Farsethås. Samtaleleiar er Kari Jegerstedt.
Samtalen vil vere på engelsk.
Ane Farsethås (f.1973, Noreg) er litteraturkritikar og kulturredaktør i Morgenbladet.
Ho har gitt ut bøkene Herfra til Virkeligheten. Lesninger i 00-tallets litteratur og Essensielt, litteraturens og filmens klassikere, saman med Øyvor Dalan Vik. I 2004 blei Ane Farsethås kåra til Årets litteratur-kritiker av Norsk Kritikerlag og Nordens beste kritiker av tidsskriftet Nordisk Litteratur.
I boka Grenseverdier. Sannhet og litterær metode (2018) undersøker ho forholdet mellom litteratur og verkelegheit.
Dubravka Ugrešić (f. 1949, Kroatia) er forfattar og har gitt ut ei rekke romanar og essay der ho mellom anna tematiserer oppløysinga av heimlandet Jugoslavia (no Kroatia).
Ugrešić underviste i ei årrekke i litteraturvitskap ved Universitetet i Zagreb, og ho har også undervist ved amerikanske og europeiske universitet som Harvard, UCLA, Columbia og Free University of Berlin. Då krigen braut ut i 1991, tok Ugrešić eit klart antikrigs-standpunkt.
Ho måtte forlate Kroatia i 1993 og bur no i Nederland.
Ugrešić har vunne ei rekke prisar, som Austrian State Prize for European Literature og Neustadt International Prize for Literature.
Ho var også på kortlista til Man Booker International Prize i 2009 og National Book Critics Circle Award for Criticism i 2011.
Bøkene hennar er omsette til meir enn 20 språk.
Kunsten å vere annleis
Då Nell Irvin Painter gjekk av med som pensjon som historieprofessor på Princeton, byrja ho studere kunst. Denne erfaringa; å vere ei kvinne med eit langt liv bak seg midt i eit miljø av unge kreative, har ho skrive om i boka Old in Art School. Også Jan Grue har skildra korleis det er å vere nesten – men berre nesten – akkurat som alle andre. I Jeg lever et liv som ligner deres skriv han om å vere akademikar, forfattar og rullestolbrukar.
Dei to møtest til ein samtale om kropp, kunst og identitet. Samtalen blir leia av professor emeritus i litteraturvitskap, Per Buvik.
Samtalen vil vere på engelsk.
Jan Grue (f. 1981, Noreg) er forfattar og professor i kvalitativ metode ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo.
Han forskar hovudsakleg på kropp og kroppsforståing, sjukdom, funksjonshemming og normalitet. Grue debuterte med novelle-samlinga Alt under kontroll (2010), og har sidan gitt ut fleire novellesamlingar og romanen Det blir ikke bedre (2016).
Han har også skrive barnebøker og fagbøker, mellom anna Kroppspråk som tematiserer framstillingar av funksjonshemming
i eit kultur- og samfunnsanalytisk perspektiv. I 2018 gav han ut den sjølvbiografiske boka Jeg lever et liv som ligner deres. Bøkene hans
er omsette til engelsk, ungarsk og dansk.
Nell Irvin Painter (f. 1942, USA) er professor emeritus i amerikansk historie ved Princeton University, og ein av USAs leiande historikarar.
Ho har gitt ut bøker som Standing at Armageddon, Sojourner Truth
og bestseljaren The History of White People, som alle har fått mykje merksemd for å gi innblikk i korleis vi historisk har sett på og omsett idear om kjønn, verdi, hierarki og rase.
Painter har ein master i kunst frå Rhode Island School of Design og ein bachelor frå Mason Gross School of the Arts. Det kunstnariske arbeidet hennar har blitt stilt ut ved galleri som San Angelo Museum of Fine Art, the Brooklyn Historical Society og Gallery Aferro.
Mer informasjon om festivalen finner du her.