Dagsavisen hadde 4. september ei interessant sak om sakprosaforfattarar og kjønn. Saka hadde sitt utspring i ein kommentar i samme avis dagen før, der Gerd Elin Stava Sandve peika på at det er langt fleire menn enn kvinner som skriv sakprosa. Berre 31 av årets 105 sakprosaforfattarar er kvinner. Innhaldsmessig er det også interessante forskjellar: Dei kvinnelige sakprosaforfattarane som faktisk finnast, skriv ifølge Sandve “hyggelige hobbybøker”, bøker om “de nære ting”, og først og fremst bøker om kvinner. Menn, derimot, skriv bøker om andre menn.
I saka i Dagsavisen kritiserer Jørgen Lorentzen, leiar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, norske forlag for ikkje å jobbe meir for å få fram kvinnelege sakprosaforfattarar. Eivind Løvdal Refsnes i Spartacus forlag rettar på si side kritikk mot Dagsavisen. I debattinnlegget “Slurvete om kvinner og sakprosa” 10. september hevdar han at tala Dagsavisen opererer med er feilaktige, fordi berre dei store forlaga er tekne med – om bøker også frå mindre forlag inkluderast, blir skilnaden i antallet kvinnelege og mannlege forfattarar mindre. Men, som Refsnes også skriv, “[d]en maskuline slagsiden er der fortsatt.”