Fakta, fiksjon og «litterær verdi» – meir om DnF-debatten

Debatten om kor vidt Den norske Forfatterforening (DnF) også skal kunne inkludere faglittærere forfattarar er på ny blitt aktuell, etter at det på DnFs årsmøte vart bestemt at styret no skal «arbeide for å utrede forholdet mellom fiksjonsforfattere og faglitterære forfattere«. I etterkant av møtet har det nemlig kome fleire reaksjonar blant anna i Klassekampen, der både Eirik Ingebrigtsen og Cornelius Jakhelln, begge medlemmar av DnF, har uttala seg.

Laurdag 26. mars hadde også Klassekampen ei lengre sak med kritikar og bokhistorikar Trygve Riiser Gundersen, som ikkje er så opptatt av kva DnF bestemmer seg for å gjere, men heller kommenterer saka frå eit meir faglig perspektiv:

Det interessante i denne samanhengen, seier Riiser Gundersen, er å sjå på kvifor opptak i DnF vert rekna som så prestisjefylt som det gjer. Han meiner dette har å gjere med kva vi i vårt samfunn legg i begrepet «litterær verdi»; det er tydelig at «litterær verdi» i dei fleste høve vert knytta eine og aleine til fiksjonslitteratur. Men Riiser Gundersen «kan ikke se verken noen teoretisk eller estetisk grunn til at skjønnlitteraturen utelukkende skal avgrenses til fiksjoner», og han peiker på korleis fleire av dei mest kjende verka i litteraturhistoria opprinnelig ikkje vart oppfatta som fiksjon i moderne forstand.

Det viktigaste er uansett ikkje debatten om medlemskap i DnF, men litteraturpolitikken generelt, som bør stimulere til sjangermessig nyskaping og kvalitetslitteratur:

«- Vi vet alltid hva slags litteratur vi har, men ikke hva vi får. I dag ser vi kanskje en litterær utvikling som kan minne litt om det som fant sted på 1700-tallet. Da må vi forsøke å forandre reisverket. Litteraturhistorien forteller oss at de viktige nye sjangrene oppstår gjennom blandinger av sjangre som allerede eksisterer. Vi må utvikle en litteraturpolitikk som stimulerer denne formen for hybrider»

Riiser Gundersen avsluttar med å hevde at dagens innkjøpsordning ikkje gagnar i så måte, men at eit billig og effektivt kulturpolitisk tiltak i denne samanhengen vil vere å utvide innkjøpsordninga for sakprosa drastisk. – Berre slik kan ein gjere det mindre risikofylt å satse på nyskapande ikkje-fiksjon, og dermed stimulere til litterær nyvinning av god kvalitet.

Diskutér på facebook

Én kommentar til “Fakta, fiksjon og «litterær verdi» – meir om DnF-debatten

  1. Mogleg brannfakkel: Men sjølv om kanskje det viktigaste for ålmenta ikkje er diskusjonen om medlemskrava i Forfattarforeininga, så skjønar eg at det er viktig for medlemene i foreininga sjølve. Og når ( i alle fall mange av dei) opplever at dei driv med noko anna enn sakprosaforfattarar, og at det er (dels) dette «anna» dei har organisert seg på grunnlag av, så tenkjer eg at det er legitimt å halda på den organisasjonen dei har.

Kommentarfeltet er inaktivt, bli med i diskusjonen på facebooksiden!