Espen Søbye med kritikk av NFF

Saka om Morten Strøksnes og Ivo de Figueiredo som meiner Den norske Forfatterforening (DnF) skaper «kunstige litterære grenser» ved å ikkje godta sakprosaforfattarar som medlemmer har skapt stor debatt. Siste innspel kom i Klassekampen i dag, der Espen Søbye går ut og hevdar at det at Strøksnes og de Figueiredo no søkjer medlemskap i DnF er ei fallitterklæring, og at det tyder på at Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening har utspela si rolle som fagforeining. Les heile artikkelen her.

Diskutér på facebook