Bokmelding og sjangeressensialisme

I siste utgåve av Norsk pedagogisk tidsskrift (6/2010) kan du lese Harald Morten Iversen og Hildegunn Otnes si melding av boka «Sakprosa i skolen», ein antologi med artiklar om dei 45 tekstene som utgjer Landslaget for norskundervisnings såkalla «sakprosakanon for skolen«. Bokmeldinga er positiv og feirande, og dei to meldarane ønskjer både antologien og sakprosakanon velkommen, fordi «sakprosaen har vært et forsømt område i skolen – og særlig i norskfaget, som har hatt og har et hovedansvar for tekststudier»

Men Otnes og Iversen er ikkje berre feirande, for som tekstforskarar saknar dei eit større fokus på sjølve tekstane. – Dei meiner at sjølv om tema og kontekst er viktige aspekt ved sakprosaen, er det i norskfaglig samanheng  minst like viktig å foreta nærlesingar av tekstane «og studere deres struktur og kjennetegn sammenliknet med andre sjangrer». Iversen og Otnes nøyer seg likevel ikkje med berre å peike på viktigheita av nærlesing, for avslutningsvis kjem dei også med følgande kommentar og etterspørsel:

«Både syntaks, bokstaver, modaliteter og retoriske virkemidler kommenteres i flere av artiklene. Vi mener imidlertid at lærere kunne ha nytte av en drøfting av sakprosafenomenet som sådant, altså mer«skilting» av hva sakprosa er – rent språklig. Selv om Tønnesson mener at det bare er lesekontrakten som utgjør forskjellen mellom sak- og skjønnlitteratur, burde det være mulig å formulere et «sakprosateksters minste felles multiplum» – altså kjennetegn som bidrar til å begrunne og klassifisere visse tekster i alle kulturer og til alle tider som sakprosa.»

At nærlesing av sakprosa er viktig og nyttig, vil dei færraste seie seg ueinig i, og særlig om ein er tekstforskar. Men synet på sakprosa som ein ahistorisk «idealtype» med visse strukturelle trekk ein kan ta i bruk i studier av alle tekster frå alle tider, vitnar om eit overraskande essensialistisk syn på, og dermed særs lite medvit om, ein tekstkategori som i høgste grad er historisk og kulturelt situert.

Diskutér på facebook