Språkprisar til Jon Hellesnes og Elisabeth Aasen

No i november vart årets to Språkprisar for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa tildelt høvesvis Elisabeth Aasen (bokmål) og Jon Hellesnes (nynorsk). I grunngjevnaden for tildelinga skreiv juryen blant anna dette: «Dei to språkprisvinnarane i år er begge framifrå formidlarar av fagleg og tverrfagleg innsikt. Dei meistrar begge kunsten å sameine detaljar og nedslag i det kvardagslege med store liner og utfordrande utsyn, den eine med bakgrunn i filosofi, den andre frå historie og litteratur.»

Ein av dei mange stadene filosofen Jon Hellesnes har formidla sin framifrå sakprosa det siste året er tidsskriftet Sakprosa, og hans artikkel “Intimbiografi og kraftprosa – kan det vere legitimt?” kan du laste ned her (pdf).

Diskutér på facebook