«Kritikk av kritikken» – om sakprosakritikk i Prosa

For dei som ikkje fekk med seg seminaret «Kritikk av kritikken» om norsk sakprosakritikk, som vart arrangert av Norsk kritikarlag, NFFO og Prosa 28. september i år, kan det nylig utkomne Prosa 06/10 anbefalast.  Her kan ein nemlig finne essayet «Vem vil diskutera innehållet på ett sätt så att huden bränner?«, som er ein omarbeidd versjon av Åsa Linderborgs innlegg frå seminaret, og i nettutgåva av Prosa er også innlegga frå Knut Olav Åmås, Jonas Bakken, Karin Haugen og Tore Rem publiserte.

Siste Prosa-nummer er forresten avtroppande redaktør Karianne Bjellås Giljes avskjedsnummer, og forskningsmiljøet Norsk sakprosa gratulerer med fem års strålande innsats!

Diskutér på facebook