Som dei fleste vil hugse, føregjekk det tidligare i år ein oppheita debatt om framtida til Store norske leksikon på nett, etter at kulturminister Anniken Huitfeldt sa nei til å bidra med økonomisk støtte til vidare drift av nettleksikonet. I sommar vart det klart at leksikonet likevel vil overleve, då Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DnB NOR kunngjorde at dei vil bidra med 30 millionar kroner for å finansiere oppstarten av eit nytt oppslagsverk, som skal byggje vidare på og utvikle det eksisterande Store norske leksikon på nett.
I går vart planane for det nye oppslagsverket lanserte i Nasjonalbiblioteket, som skal stå for drifta av nettleksikonet som no skal utviklast. Prosjektet har arbeidstittelen “Norsk nettleksikon” og styreleiar er Trond Andreassen, generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Tirsdagens Kulturnytt på P2 hadde eit lengre innslag om saka, med blant anna eit intervju med Andreassen og ein diskusjon mellom sakprosaprofessor Johan Tønnesson og bloggar og forfattar Ida Jackson. Programmet kan høyrast i NRKs nettradio.
Saka vart også teke opp i eit innslag på Dagsrevyen same dag.