Vellykka retorikkseminar med Glenn

Det var stappfullt i P.A. Munchs tolvte seminarrom på Blindern igår då  Cheryl Glenn frå Pennsylvania State University besøkte Retorikkseminaret for å snakke om «The Rhetoric of Silence«. Glenn inviterte forsamlinga til å ta del i
refleksjonen om kva stilla har å seie i ein retorikk som for ho inkluderer både overtyding og invitering.

Nysgjerrig? Sakprosabloggen har fått lov til å lenke til bloggen til ein av tilhøyrarane –  retorikkstudenten Kristine Stensland – som har skrive eit innlegg om seminaret: http://kristinems.blogspot.com/2010/10/den-retoriske-stilla.html.

Diskutér på facebook