Vitskapsretorikk, naturalisme og fornuftsfiendskap.

Siste utgåve av Nytt Norsk Tidsskrift (03/2010) har blant anna naturalistiske perspektiv i human- og sosialvitenskapane som tema, med filosof Jon Hellesnes som ein av bidragsytarane. I artikkelen ”Frå ånd til materie – Om mjuk og hard fornuftsfiendskap”  hevdar Hellesnes at den såkalla naturalismen har avløyst postmodernismen som ”åndsmote og bakgrunnsideologi”, og at dette har ført til ei ”prisverdig intellektuell fornøktring” i vitskapen. Han advarer likevel mot at naturalismen også ber i seg eit potensial for ”fornuftsfiendskap” like ille som postmodernismen i si tid førte til. Med ”fornuftsfiendskap” meiner Hellesnes at dei mest ekstreme posisjonane både innanfor postmoderismen og naturalismen inneber sjølvmotseiande argumentasjonsformer, og at desse er øydeleggjande for rasjonell og drøftande diskusjon i vitskap og politikk.

For å vise kvifor dette er tilfellet, går Hellesnes vegen om det han meiner er eit ”skrekkeksempel” på postmodernismens fornuftsfiendskap, nemlig Alan G. Gross si bok The Rhetoric of Science: I ein krass kritikk av Gross sin vitenskapsretorikk, viser Hellesnes korleis Gross’ epistemologiske posisjon er sjølvrefererande inkonsekvent:

[D]ersom ein seier at all vitskapleg argumentasjon berre er forførande overtaling, så inkluderer dette påstanden om at det forheld seg slik. Også den er berre ein del av forføringskunsten. Reduksjonen av vitskapleg argumentasjon til retorisk overtaling undergrev, med andre ord, posisjonen til retorikk-teoretikaren sjølv. Alt retorikk-teoretikaren seier, er då – ut frå føresetnadene i hans eigen analyse – berre overtaling.”

 

Artikkelen til Hellesnes er dermed svært interessant i sakprosasamanheng, då Gross og vitenskapsretorikken har vore eit viktig referansepunkt for sakprosaforskninga i norden. Men Gross sin ekstreme posisjon og relativisme har likevel ikkje blitt godteke som epistemologisk utgangspunkt i sakprosamiljøa. – I artikkelen “The rhetoric of science in practice – Experiences from nordic research on subject-oriented texts” kritiserer professor i tekstvitenskap Kjell Lars Berge nettopp Gross sin subjektive idealisme  (epistemologisk sett). Berge viser korleis ein med ei modifisert utgåve av vitskapsretorikken kan forstå vitskapelige tekstpraksisar som retorisk aktivitet, samtidig som ein for det første anerkjenner at det eksisterer ei objektiv materiell verd, og for det andre legg til grunn at det å søke objektiv kunnskap er konstituerande for vitenskapen som felt.

Trass litt ulike ståstader og mål er hovudpoenget til både Berge og Hellesnes at ein ikkje kan fornekte det ved forskningsprosessen som inneber kommunikasjon, meining og intersubjektivitet – at forskningsverksemd først og fremst går føre seg i argumentasjonskollektiv/tekstkulturar, med eigne normer for kva som gjeld som god vitenskap, og der målet er å gjennom rasjonell argumentasjon overtyde forskarkollektivet om at eigne påstander er riktige eller sannsynlige. – Noko som nettopp gjer vitenskaplige tekstkulturar og tekstar til viktige studieobjekt i sakprosaforskninga.

Les ein forkorta versjon av Hellesnes’ artikkel her (Klassekampen 18.09.10)

Les Berges artikkel her. (Opprinnelig trykt i K. Fløttum (red.) (2007):  Language and Discipline Perspectives on Academic Discourse. Cambridge Scholars Publishing)

Sakprosamiljøet si interesse for vitskaplige tekstkulturar vart dessutan også følgt opp i tidsskriftet ARR, som laga eit eige temanummer om vitskapsretorikk (ARR #1/ 2007). (Finnast dessverre ikkje elektronisk).

Diskutér på facebook