Retorikar og prosjektmedarbeidar i tankesmia Civita, Eirik Vatnøy, har analysert NRKs valprogram frå 2009. Resultata av analysen er presenterte i Civita-pamfletten «Velg 09! – Journalistikk og retorikk i norsk valgkamp», og i ein kronikk i Aftenposten 24. august. Målet med analysen er å sette kritisk fokus på korleis politikk faktisk blir framstilt og kommunisert i media. «Det politiske ordskiftet er blitt presset inn i et journalistisk regime preget av fiendtlighet, personorientering og strategitenkning», skriv Vatnøy. – Hovudfokuset i pamfletten er den såkalla journalismen, «en fremherskende journalistisk ideologi», som Vatnøy med sine analyser viser er rådande i rikskringkastinga, og som han meiner har fleire negative konsekvensar for den politiske retorikken og demokratiet.
Vatnøys kritikk har skapt fleire reaksjonar. Tirsdag 24. august var han i Dagsnytt 18 på NRK saman med blant andre politisk kommentator Arne Strand, som mildt sagt stilte seg svært kritisk til Vatnøy sine funn. Og emnet er slett ikkje ferdig diskutert: Førstkommande onsdag arrangerer Civita frokostmøtet «Velg! 09 – Journalistikk og retorikk i norsk valgkamp», med Kjell Lars Berge, Frank Rossavik, Valgerd Svarstad Haugland og Magnus Takvam i panelet. Innleiinga er sjølvsagt ved Eirik Vatnøy.
Last ned kronikken i Aftenposten 24. august her (pdf).
Gå til nrk.no og sjå TV-klippet frå Dagsnytt 18 her.
På Civita sine nettsider kan du både finne informasjon om frokostmøtet og laste ned heile pamfletten.