Kva granskar sakprosaforskarane?

Norunn Askeland om litterær sakprosa og metaforanalysar.

Norunn Askeland (Foto: Magnus Holm)
Norunn Askeland
(Foto: Magnus Holm)

 

Akkurat no (februar 2014) er eg i ferd med å legge aller siste hand på korrekturen på ei bok, som er blitt til i eit samarbeid med kollega Eva Maagerø og 13 forfattarar av litterær sakprosa. Vi har særleg vore opptekne av å utforske skriveprosessar og arbeidsmåtar med tanke på at boka skal bli pensum for studentane våre på masterstudiet i faglitterær skriving ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Boka som har fått tittelen Om å utfordre vanen. Samtaler om litterær sakprosa, inneheld samtaler med 13 forfattarar som alle på ulike måtar skriv  litterær sakprosa. Forfattarane omtaler tekstane sine som essay, reiseskildringar, biografi, artiklar, ja, til og med eit sakprosadrama er med. Dei er opptekne av å fornye sjangrane for å kunne framstille stoffet sitt på den måten som dei meiner er best, og dei utfordrar på ulike måtar sjangerkonvensjonane. Forfattarane krysser grenser mellom sakprosa og fiksjonslitteratur og mellom ulike sakprosasjangrar.

Samtalane i boka handlar om korleis forfattarane  arbeider med bøkene sine, om sjanger, om skriveprosessen og om gleda ved å skrive, men også om etiske spørsmål knytte  til det å skrive om verkelege menneske og hendingar. Boka inneheld også eit oppsummerande kapittel om kva som kjenneteiknar sjangeren litterær sakprosa.  Dei 13 forfattarane som er intervjua, er Per Thomas Andersen, Marit Eikemo, Ottar Grepstad, Frode Grytten, Elisabeth Beanca Halvorsen, Jon Hellesnes, Carsten Jensen, Åsa Linderborg, Toril Moi, Wencke Mühleisen, Agnes Ravatn, Lars Fredrik Svendsen og Erik Tunstad.

Eg må legge til at dette har vore eit svært interessant prosjekt å arbeide med. Inspirasjonen kom frå Robert Boynton ved University of New York, som har gitt ut boka The New New Journalism. Conversations with America’s Best Nonfiction Writers on Their Craft med den ironiske undertittelen  A Vintage Original http://www.newnewjournalism.com/  Eg var i New York i eit anna ærend og tok mot til meg og spurde om å få ein samtale med Boynton for å få vite meir om korleis han gjekk fram i møtet med forfattarane.  Det forløysande var at han var kompromisslaus med omsyn til å forfattarane sin suverenitet. Dei skulle godkjenne kvart ord i boka, dette var heilt grunnleggande for å bygge tillit mellom samtalepartnarane. Vi har følgt råda hans, og har ikkje fått nei frå nokon av forfattarane, verken når det gjeld å stille opp til intervju eller å godkjenne det endelege intervjuet.

Metaforar på mange måtar i mange fag

Tidlegare har eg arbeidd med metaforar ut frå kognitiv metaforteori, blant anna i doktorgradsavhandlinga mi om metaforar om kommunikasjon i norskfagets lærebøker. Etter kvart har eg late meg inspirere av forskinga til Gerard Steen, som kombinerer kognitiv metaforteori med eit retorisk syn på metaforbruk (Steen mfl. 2010, Steen 2011).  Her har ein med basis i forsking i mange sjangrar funne måtar å identifisere metaforar på ut frå metaforflagg eller M-flags. Det kan vere av typen X=Y, X er som Y, og ikkje minst andre markørar som liknar på, kjennest som, følest som osv. Med hjelp av desse har eg analysert fleire typar lærebøker, blant anna i RLE og samfunnskunnskap, med tanke på omtale av det fleirkulturelle samfunnet. Det er ikkje oppløftande å finne at Bibelen vert omtalt som ei litterær skattkiste, mens Koranen i beste fall blir karakterisert som ein didaktisk tekst.   Lærebøker i samfunnskunnskap taler med to tunger, og prisar det fleirkulturelle samfunnet med hjelp av ein metafor som «fargerikt lappeteppe», mens innvandring blir omtalt i eit kapittel med overskrifta «Kriminalitet».

Eg har også med det same utgangspunktet analysert metaforar om kropp i fagboka Newton. Sånn funker kroppen, i ein artikkel i ei fagbok til ære for kollega Dagrun Skjelbred våren 2013: Læreboka. Studier i ulike læreboktekster http://www.akademikaforlag.no/content/l%C3%A6reboka.

Sentrale funn er at mange metaforar er henta frå tekniske felt og område, men desse er menneskeleggjorde ved at aktivitetar som samarbeid er i sentrum. Kroppen blir dermed omtalt meir med samarbeidsmetaforar enn med tekniske metaforar og krigsmetaforar. I tillegg bruker forfattaren mange «opne» metaforar, metaforar som markerte og lette å identifisere, og viser dermed at han er innstilt på dialog og forhandling med lesaren.

Etter kvart har eg kome til at metaforanalysar kan brukast til så å seie alt. I eit prosjekt om læringsressursar og skriving finansiert av NFR fann eg det interessant å bruke metaforanalyse til å jakte på det ein kan kalle «stemme» i skrivinga til lærarstudentar og til elevar i vidaregåande skule. Det viser seg at metaforar ofte er eit resultat av  forsøk på å bruke eigne ord og gi uttrykk for eiga forståing av eit emne. Dette har eg skrive om i samarbeid med Anne Line Wittek og Bente Aamotsbakken  i bøkene Syn for skriving (2013)  http://www.akademikaforlag.no/content/l%C3%A6reboka og  Pedagogiske tekster og ressurser i praksis (2013) https://www.cappelendammundervisning.no/undervisning/product-detail.action?id=167455

Og akkurat no er eg i full gang med å undersøke metaforar om døden i litterær sakprosa og skjønnlitteratur. Ein vert ikkje arbeidslaus med metaforteori og metaforanalyse som reiskapar.

Diskutér på facebook