Kva granskar sakprosaforskarane?

Norunn Askeland om litterær sakprosa og metaforanalysar.

Norunn Askeland (Foto: Magnus Holm)
Norunn Askeland
(Foto: Magnus Holm)

 

Akkurat no (februar 2014) er eg i ferd med å legge aller siste hand på korrekturen på ei bok, som er blitt til i eit samarbeid med kollega Eva Maagerø og 13 forfattarar av litterær sakprosa. Vi har særleg vore opptekne av å utforske skriveprosessar og arbeidsmåtar med tanke på at boka skal bli pensum for studentane våre på masterstudiet i faglitterær skriving ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Boka som har fått tittelen Om å utfordre vanen. Samtaler om litterær sakprosa, inneheld samtaler med 13 forfattarar som alle på ulike måtar skriv  litterær sakprosa. Forfattarane omtaler tekstane sine som essay, reiseskildringar, biografi, artiklar, ja, til og med eit sakprosadrama er med. Dei er opptekne av å fornye sjangrane for å kunne framstille stoffet sitt på den måten som dei meiner er best, og dei utfordrar på ulike måtar sjangerkonvensjonane. Forfattarane krysser grenser mellom sakprosa og fiksjonslitteratur og mellom ulike sakprosasjangrar.
Les mer «Kva granskar sakprosaforskarane?»

Nominasjonene til Kritikerlagets andre sakprosapris er klare!

Torsdag 6. mars er det tid for utdeling av Kritikerprisene igjen, og for andre gang skal Norsk kritikerlag også dele ut pris til beste sakprosabok. Nå er nominasjonene til denne gjeve prisen endelig klare.

De nominerte for beste sakprosabok for voksne for året 2013 er:

  • Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen (Samlaget)
  • Alf van der Hagen:  Dag Solstad. Uskrevne memoarer (Forlaget Oktober)
  • Tone Selboe: Camilla Collett. Engasjerte essays  (Aschehoug)
  • Åsmund Svendsen: Halvdan Koht. Veien mot framtiden. En biografi (Cappelen Damm)

Juryen består av Guri Hjeltnes, Sindre Hovdenakk og Frode Helmich Pedersen.

Les mer på Kritikerlagets egne nettsider, www.kritikerlaget.no.

Vi på sakprosabloggen gratulerer herved alle de nominerte!