Kva granskar sakprosaforskarane?

I dag: Aslaug Veum om rosabloggar og lærebøker

I desse dagar får eg sluttført eit lite prosjekt eg har hatt om såkalla rosablogging. I prosjektet har eg følgd med på eit utval av dei mest populære norske jentebloggane som blei publiserte på publiseringsportalen www.blogg.no over ein periode på to år. Funna som eg presenterer i denne artikkelen er delvis baserte på generelle observasjonar, delvis på resultat av næranalysar av fire utvalde bloggar. I artikkelen undersløkjer eg  bloggen som kulturelt og multimodalt fenomen. Hovudmålet med prosjektet har vore å undersøkje korleis ungjenter brukar bloggane sine som ein arena for å etablere og utvikle ulike roller og relasjonar i samspelet mellom personlege og kommersielle diskursar.

Foto: Høgskolen i Vestfold
Foto: Høgskolen i Vestfold

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Medan sjangerforskarane Miller og Shepherd (2004) hevdar at bloggarar generelt konstruerer heilskaplege og samanhengande identitetar, er eit av mine hovudfunn at ungjentebloggarane gjennomgåande står fram i tvitydige roller i forhold til lesarane sine. Tvitydigheita kjem til uttrykk både verbalt og visuelt, og på fleire ulike nivå. Språkleg og visuelt skaper jentebloggarane inntrykk av både intimitet og likskap, men samstundes distanse og suverenitet. Bloggarane balanserer framstillingane sine mellom  ein privat diskurs og ein meir kommersiell diskurs  På den eine sida deler dei tankar i form av dagbokliknande framstillingar. På den andre sida opptrer dei i meir dominante roller, som rådgjevarar og seljarar av ymse produkt som  sminke, klede og kosthaldstilskott.

Artikkelen har tittelen: Blogging på rosa skjerm. Om roller og relasjonar i ungjentebloggar (Veum 2013) og kjem ut i ein svensk skriftserie nå i oktober: Text, kontext och betydelse. Sex nordiska studier i systemisk-funktionell lingvistik (red. Hållsten, Stina, Hanna Sofia Rehnberg, & Daniel Wojahn, (Södertörns högskola, Sverige).

Lærebokstemme i endring

Eit anna prosjekt eg arbeider med, er ein diakron studie av korleis lærebokstemma står fram overfor lesarane sine. Dei overordna forskingsspørsmåla for denne studien er: Kva skribentrolle tek lærebokstemma overfor til lesarane – og i kva grad har lærebokstemma endra seg over tid? Materialet som blir analysert og samanlikna er henta frå eit utval læreverk frå 1945 og fram til  2000-talet. Lærebøkene i utvalet er bøker som er eller har vore relativt mykje brukt i skulen, som tek for seg nokolunde same fagområde og er retta mot om lag same årstrinn i skulen. Eg skal presentere nye funn frå denne studien på ein nordisk konferanse i regi av Nordiskt nätverk för modersmålsdidaktisk forskning (NNMF) og organisasjonen Svenska med didaktisk inriktning i Göteborg i desember 2013.

Eit førebels funn er at lærebokstemma har endra seg når det gjeld kva språkhandlingar som blir utførte. Medan den narrative lærebokstemma dominerer i den eldste læreboka, tek lærebokstemma i læreverk frå 1970-talet ei meir oppdragande skribentrolle, og kjem med direkte krav og oppmodingar til lesaren. Lærebokstemma i den moderne læreboka let til å fylle ei breiare spekter av funksjonar samstundes, ho vil både  engasjere, involvere, påverke og underhalde lesaren.

Studien min byggjer elles vidare på ein analyse av lærebokstemma i lærebøker i historie/ samfunnsfag for barnetrinnet frå 1945 til 2006, som eg presenterte i min artikkel «Lærebokstemma i tre generasjonar» (Veum 2013) i Askeland, Norunn, Maagerø, Eva og Aamotsbakken, Bente (red.) Læreboka. Studier i ulike læreboktekster.

Diskutér på facebook