Ordskifte om sakprosautvalgets innkjøpspolitikk

Den siste veka har det i Dagbladet vore eit friskt ordskifte mellom forfattar, essayist og kritikar Freddy Fjellheim og Sindre Hovdenakk, avtroppande leiar for Kulturrådets vurderingsutvalg for sakprosa. I ein kvass kronikk i Dagbladet laurdag 19. februar hevdar Fjellheim blant anna at Kulturrådets sakprosanemnd, med Sindre Hovdenakk i spissen, «vraker gode og ukonvensjonelle utgivelser til fordel for det sikre og trygge», og at langt meir av den essayistiske og utprøvande litteraturen burde bli kjøpt inn, om ein ønskjer å fremje utfordrande, norsk sakprosa av høg kvalitet. Bakgrunnen for kronikken var at Fjellheim fann det merkelig at hans eiga bok, «Fellesskapets kunst», saman med Åsmund Bjørnstads «Kornets kulturhistorie» – begge bøker som har fått svært gode kritikkar i media – ikkje vart innkjøpte.

I eit svarinlegg 23. februar seier Hovdenakk seg sterkt ueinig i Fjellheims påstandar, og han skriv at han «er sikker på at en uavhengig observatør, for eksempel en som ikke selv har opplevd å få sin bok avvist, ved en gjennomgang av innkjøpene de seks årene ordningen har eksistert kan finne solid grunnlag for å hevde det stikk motsatte av Fjellheim.»

Det førebels siste innlegget i debatten er skrive av Fjellheim, og stod på trykk i Dagbladet i dag.

På sine heimesider har dessutan også NFF ein notis om saka.

Diskutér på facebook