Kronikk om Johansen og sakprosaprofessoratet

I sin kronikk «Med grep om språket» i dagens Klassekampen skriv Jo Beck-Karlsen om Anders Johansen og Noregs andre sakprosaprofessorat. Beck-Karlsen peiker her på korleis det mellom Johansen og Johan L. Tønnesson, som inntil nylig var Noregs einaste sakprosaprofessor, ikkje er særlig stor faglig avstand, men at dei to «fra hver sin by vil arbeide for å utvide og kvalifisere storsjangeren sakprosa«.

Det var heller inga overrasking, skriv Beck-Karlsen, at nett Johansen fekk det andre professoratet, men tilsettinga er likevel ikkje ukontroversiell, og det av tre grunnar:

For det første kan nettopp det at dei to professorane har ein så lik faglig profil oppfattast som problematisk av mange. For det andre, og beslekta med det føregåande, kan Norsk Faglitterær forfatter- og oversetterforening seiast å ha ei for framtredande rolle i denne samanhengen, då dei har finansiert og vil finansiere dei tre første åra av både Tønnessons og Johansens professorat. For det tredje finnast det fleire framtredande forskarar som er ueinige med Johansen, f.eks. i hans syn på fagskriving. Espen Ytreberg, som i Norsk Medietidsskrift i 2008 nettopp opponerte mot Johansens kritiske syn på uniformering av det akademiske språk, vert her trekt fram som eksempel, og Beck-Karlsen konkluderer så med at  «det vil komme flere diskusjoner av denne typen!«.

– Forhåpentligvis har han heilt rett i det.

Diskutér på facebook