Fastpris på fagbøker avgjort

I statsråd 17. desember vart det vedteke at det framleis vert fastpris på fag- og lærebøker til høgare utdanning. I ei pressemelding seier kulturminister Anniken Huitfeldt at regjeringa har lagt stor vekt på høyringsutsegn om saka. Særlig viktig for avgjerda var utsegna frå studentane, som meiner fastprisen er eit viktig verkemiddel for å oppretthalde faglitteratur på norsk.

Diskutér på facebook