Sakprosa i skolen og «Sakprosa i skolen»

Som ein del kanskje vil hugse, var det i sommar eit snev av debatt om antologien Sakprosa i skolen, som 1. juni i år vart lansert med storstilt sleppfest på Litteraturhuset. Boka er ei samling av tekstane i Landslaget for norskundervisning (LNU) sin sakprosakanon for skolen, og i ei «bokmelding» i Aftenposten 11. juli, nytta Ulf Andenæs høvet til å vurdere og kritisere utvalet av tekstar i boka. Andenæs hevda at det både er «saklig og pedagogisk feil» at tekstar frå sagatida og høgmiddelalderen er utelatne, i tillegg til at han også meinte at utvalet av dei nyare sakprosatekstane er vilkårlig. Andenæs fekk seinare støtte for delar av sitt syn i eit debattinnlegg av Torgrim Titlestad.

Sjølv om redaktørane for antologien, Kirsten Kalleberg og Astrid Elisabeth Kleiveland, og juryleiar i LNUs sakprosajury, Ove Eide, gjorde nokre lunke forsøk på å imøtegå kritikken, fekk Andenæs og Titlestad lite respons, og «debatten» enda med ei avsporing om «storserbiske griller» om å innlemme Island i Norge.

Etter dette tilløpet til debatt har det stort sett vore stilt om emnet i avisene – fram til mandag 6. september, då Hildegunn Otnes (NTNU) og Harald Morten Iversen (HiST) i Adresseavisen skreiv grundig og godt både om sakprosa i skolen og Sakposa i skolen, i kronikken «Den mangfoldige sakprosaen»: «Pusser vi brillene har sakprosaen store overraskelser å by på», skriv forfattarane og refererer til sakprosaprofessor Johan Tønnessons utsegn om at det trengs mykje brillepussing for å få auge på det spennande i ein sakprosatekst, og dei avsluttar med å påpeike at om det er noko som kan fungere som gode pussefiller, så er det nettopp antologien Sakprosa i skolen.

Les kronikken til Otnes og Iversen i Adresseavisen her (pdf)

Og for dei interesserte kan innlegga frå i sommar lastast ned her:

Ulf Andenæs: «Et utvalg gjort med harelabb», Aftenposten 11. juli

Kirsten Kalleberg og Astrid E. Kleiveland: «- Misforstått», Aftenposten 16. juli

Torgrim Titlestad: «Bunnplanken i norsk skriftkultur», Aftenposten 31. juli

Stefán Snævarr: «Sakprosa og sagatid», Aftenposten 7. august

Ove Eide: «Sakprosa i skulen», Aftenposten 8. august

Diskutér på facebook