Vitskapsretorikk, naturalisme og fornuftsfiendskap.

Siste utgåve av Nytt Norsk Tidsskrift (03/2010) har blant anna naturalistiske perspektiv i human- og sosialvitenskapane som tema, med filosof Jon Hellesnes som ein av bidragsytarane. I artikkelen ”Frå ånd til materie – Om mjuk og hard fornuftsfiendskap”  hevdar Hellesnes at den såkalla naturalismen har avløyst postmodernismen som ”åndsmote og bakgrunnsideologi”, og at dette har ført til ei ”prisverdig intellektuell fornøktring” i vitskapen. Han advarer likevel mot at naturalismen også ber i seg eit potensial for ”fornuftsfiendskap” like ille som postmodernismen i si tid førte til. Med ”fornuftsfiendskap” meiner Hellesnes at dei mest ekstreme posisjonane både innanfor postmoderismen og naturalismen inneber sjølvmotseiande argumentasjonsformer, og at desse er øydeleggjande for rasjonell og drøftande diskusjon i vitskap og politikk.

For å vise kvifor dette er tilfellet, går Hellesnes vegen om det han meiner er eit ”skrekkeksempel” på postmodernismens fornuftsfiendskap, nemlig Alan G. Gross si bok The Rhetoric of Science: I ein krass kritikk av Gross sin vitenskapsretorikk, viser Hellesnes korleis Gross’ epistemologiske posisjon er sjølvrefererande inkonsekvent:

[D]ersom ein seier at all vitskapleg argumentasjon berre er forførande overtaling, så inkluderer dette påstanden om at det forheld seg slik. Også den er berre ein del av forføringskunsten. Reduksjonen av vitskapleg argumentasjon til retorisk overtaling undergrev, med andre ord, posisjonen til retorikk-teoretikaren sjølv. Alt retorikk-teoretikaren seier, er då – ut frå føresetnadene i hans eigen analyse – berre overtaling.”

 

Artikkelen til Hellesnes er dermed svært interessant i sakprosasamanheng, då Gross og vitenskapsretorikken har vore eit viktig referansepunkt for sakprosaforskninga i norden. Men Gross sin ekstreme posisjon og relativisme har likevel ikkje blitt godteke som epistemologisk utgangspunkt i sakprosamiljøa. – I artikkelen “The rhetoric of science in practice – Experiences from nordic research on subject-oriented texts” kritiserer professor i tekstvitenskap Kjell Lars Berge nettopp Gross sin subjektive idealisme  (epistemologisk sett). Berge viser korleis ein med ei modifisert utgåve av vitskapsretorikken kan forstå vitskapelige tekstpraksisar som retorisk aktivitet, samtidig som ein for det første anerkjenner at det eksisterer ei objektiv materiell verd, og for det andre legg til grunn at det å søke objektiv kunnskap er konstituerande for vitenskapen som felt.

Trass litt ulike ståstader og mål er hovudpoenget til både Berge og Hellesnes at ein ikkje kan fornekte det ved forskningsprosessen som inneber kommunikasjon, meining og intersubjektivitet – at forskningsverksemd først og fremst går føre seg i argumentasjonskollektiv/tekstkulturar, med eigne normer for kva som gjeld som god vitenskap, og der målet er å gjennom rasjonell argumentasjon overtyde forskarkollektivet om at eigne påstander er riktige eller sannsynlige. – Noko som nettopp gjer vitenskaplige tekstkulturar og tekstar til viktige studieobjekt i sakprosaforskninga.

Les ein forkorta versjon av Hellesnes’ artikkel her (Klassekampen 18.09.10)

Les Berges artikkel her. (Opprinnelig trykt i K. Fløttum (red.) (2007):  Language and Discipline Perspectives on Academic Discourse. Cambridge Scholars Publishing)

Sakprosamiljøet si interesse for vitskaplige tekstkulturar vart dessutan også følgt opp i tidsskriftet ARR, som laga eit eige temanummer om vitskapsretorikk (ARR #1/ 2007). (Finnast dessverre ikkje elektronisk).

Endelig retorikkseminar med Cheryl Glenn!

Som mange vil huske, gjorde en viss askesky i april i år at de planlagte arrangementene med Cheryl Glenn, professor ved Pennsylvania State University, måtte avlyses. Nå er asken borte og Glenn gjør et nytt forsøk: mandag 11. oktober kommer professoren til retorikkseminaret for å snakke om ”The Rhetoric of Silence. Strategies of keeping and breaking silence”.

Glenn har blant annet gitt ut boka Unspoken – A Rhetoric of Silence om samme tema, og for de ekstra interesserte kan store deler av denne leses i Google Bøker.

Tidspunkt: mandag 11. oktober kl 12.15-13.30.
Sted: seminarrom 12, P.A. Munchs hus.

Les mer om seminaret her (pdf).


Sakprosabøker får mest oppmerksomhet!

Selv om skjønnlitteraturen «knuser sakprosaen når det gjelder salgstall«, er det sakprosabøker som får oppmerksomheten i mediene, står det i en artikkel i Klassekampen i dag.

I artikkelen siteres blant andre sakprosaprofessor Johan Tønnesson, som forklarer den økte oppmerksomheten rundt sakprosaen med at mye av dagens sakprosa er viktig for norsk offentlighet, og at sakprosa stiller en «virkelighetshunger» hos folk.

Forlagsredaktør Einar Ibenholt peker også på viktigheten av det virkelighetsnære – både når det gjelder skjønnlitteratur og sakprosa, og han understreker at for et forlagshus er det viktig å være relevant for offentlig debatt.

Tittelen på artikkelen er «Gjør journalistenes jobb«, og et av hovedspørsmålene er om ikke sakprosaforfattere i dag gjør en jobb journalistene burde gjort, nemlig sørge for god og grundig journalistikk – noe dagspressens krav gjør vanskelig, men som sakprosabøker altså gir rom for.

Les hele artikkelen her (pdf).

Seminar om sakprosakritikk i norske medier

Tirsdag 28. september arrangerer Norsk Kritikerlag, Prosa og freelanceutvalget i NFFO seminar om anmeldelser av sakprosa i norske medier, med innlegg fra blant andre Jonas Bakken, Tore Rem og Åsa Linderborg. Jonas Bakken, litteraturviter ved UiO, har tidligere skrevet om emnet både i en kronikk i Klassekampen (22.03.10), og i et lengre essay i Prosa 02/10. 

Hele seminarprogrammet finner du her, og Bakkens essay kan leses i nettutgaven av Prosa 02/10

Masterpresentasjon for retorikkinteresserte

Fredag 17. september kl 9.15-10.00 presenterer og diskuterer Eirik Vatnøy
sin masteroppgave i retorikk og språklig kommunikasjon:

«Vaart Valgopraab. Norske partiprogrammer 1884-1906. Et teksthistorisk
sjangerstudium

Presentasjonen vil bli gitt i Møterom 536, Henrik Wergelands hus, Niels
Henrik Abels vei 36, Blindern.

Etter Vatnøys presentasjon er det muligheter for spørsmål og kommentarer
fra salen.

Vel møtt!

Pamflett og debatt om journalistikk og retorikk i norsk valkamp

Retorikar og prosjektmedarbeidar i tankesmia Civita, Eirik Vatnøy, har analysert NRKs valprogram frå 2009. Resultata av analysen er presenterte i Civita-pamfletten «Velg 09! – Journalistikk og retorikk i norsk valgkamp», og i ein kronikk i Aftenposten 24. august. Målet med analysen er å sette kritisk fokus på korleis politikk faktisk blir framstilt og kommunisert i media. «Det politiske ordskiftet er blitt presset inn i et journalistisk regime preget av fiendtlighet, personorientering og strategitenkning», skriv Vatnøy. – Hovudfokuset i pamfletten er den såkalla journalismen, «en fremherskende journalistisk ideologi», som Vatnøy med sine analyser viser er rådande i rikskringkastinga, og som han meiner har fleire negative konsekvensar for den politiske retorikken og demokratiet.

Vatnøys kritikk har skapt fleire reaksjonar. Tirsdag 24. august var han i Dagsnytt 18 på NRK saman med blant andre politisk kommentator Arne Strand, som mildt sagt stilte seg svært kritisk til Vatnøy sine funn. Og emnet er slett ikkje ferdig diskutert: Førstkommande onsdag arrangerer Civita frokostmøtet «Velg! 09 – Journalistikk og retorikk i norsk valgkamp», med Kjell Lars Berge, Frank Rossavik, Valgerd Svarstad Haugland og Magnus Takvam i panelet. Innleiinga er sjølvsagt ved Eirik Vatnøy.

Last ned kronikken i Aftenposten 24. august her (pdf).

Gå til nrk.no og sjå TV-klippet frå Dagsnytt 18 her.

På Civita sine nettsider kan du både finne informasjon om frokostmøtet og laste ned heile pamfletten.

Sakprosa i skolen og «Sakprosa i skolen»

Som ein del kanskje vil hugse, var det i sommar eit snev av debatt om antologien Sakprosa i skolen, som 1. juni i år vart lansert med storstilt sleppfest på Litteraturhuset. Boka er ei samling av tekstane i Landslaget for norskundervisning (LNU) sin sakprosakanon for skolen, og i ei «bokmelding» i Aftenposten 11. juli, nytta Ulf Andenæs høvet til å vurdere og kritisere utvalet av tekstar i boka. Andenæs hevda at det både er «saklig og pedagogisk feil» at tekstar frå sagatida og høgmiddelalderen er utelatne, i tillegg til at han også meinte at utvalet av dei nyare sakprosatekstane er vilkårlig. Andenæs fekk seinare støtte for delar av sitt syn i eit debattinnlegg av Torgrim Titlestad.

Sjølv om redaktørane for antologien, Kirsten Kalleberg og Astrid Elisabeth Kleiveland, og juryleiar i LNUs sakprosajury, Ove Eide, gjorde nokre lunke forsøk på å imøtegå kritikken, fekk Andenæs og Titlestad lite respons, og «debatten» enda med ei avsporing om «storserbiske griller» om å innlemme Island i Norge.

Etter dette tilløpet til debatt har det stort sett vore stilt om emnet i avisene – fram til mandag 6. september, då Hildegunn Otnes (NTNU) og Harald Morten Iversen (HiST) i Adresseavisen skreiv grundig og godt både om sakprosa i skolen og Sakposa i skolen, i kronikken «Den mangfoldige sakprosaen»: «Pusser vi brillene har sakprosaen store overraskelser å by på», skriv forfattarane og refererer til sakprosaprofessor Johan Tønnessons utsegn om at det trengs mykje brillepussing for å få auge på det spennande i ein sakprosatekst, og dei avsluttar med å påpeike at om det er noko som kan fungere som gode pussefiller, så er det nettopp antologien Sakprosa i skolen.

Les kronikken til Otnes og Iversen i Adresseavisen her (pdf)

Og for dei interesserte kan innlegga frå i sommar lastast ned her:

Ulf Andenæs: «Et utvalg gjort med harelabb», Aftenposten 11. juli

Kirsten Kalleberg og Astrid E. Kleiveland: «- Misforstått», Aftenposten 16. juli

Torgrim Titlestad: «Bunnplanken i norsk skriftkultur», Aftenposten 31. juli

Stefán Snævarr: «Sakprosa og sagatid», Aftenposten 7. august

Ove Eide: «Sakprosa i skulen», Aftenposten 8. august

Retorikkseminar med Brigitte Mral

Til høstens andre retorikkseminar har forskergruppen for tekst og retorikk ved UiO invitert Brigitte Mral, professor i retorikk fra Örebro universitet. Mral har sine forskningsinteresser blant annet innen krisekommunikasjon, demokrati og etikk, populistisk retorikk og kvinners retorikk på 1900-tallet. På mandagens seminar vil hun under tittelen «Demagogens röst. Hitler som radiotalare» presentere sin studie av Hitlers radioretorikk. Studien er tidligere presentert i en artikkel i Rhetorica Scandinavica nr 51 (høst 2009), og i sammendraget til denne artikkelen står det følgende:

Hur kunde det hända att Adolf Hitler med sin demagogi lyckades påverka mycket stora befolkningsgrupper under lång tid? Frågan har sysselsatt både lekmän och forskare ända sedan han började dominera den politiska scenen tidigt på 1920-talet under en tid av stora kriser. Hitlers framgångar ter sig närmast paradoxala för vi har idag svårt att förstå hur denne i eftervärldens ögon både livsfarlige och i viss mån löjeväckande politiker kunde samla massorna bakom sig, i stor utsträckning med hjälp av det talade ordet. Hur ska man förklara att en person som Adolf Hitler på några få år kunde leda ett i många avseenden sofistikerat land från en spirande, om än kaotisk, demokrati till den mest extrema diktaturen?

 

Tidspunkt: mandag 6. september kl. 12.15-13.30

Sted: seminarrom 12, P.A Munchs hus