Sakprosa ein ikkje veit kva ein vil med?

Det blir sjeldan posta notisar om bokmeldingar på Sakprosabloggen, men av og til kjem ein over kritikkar som vekkjer særskilt interesse. Som for eksempel i siste Dag og Tid, der Ingeborg Mjør melder sakprosaboka Hurra for Norge!, ei faktabok for barn skriven av Jon Ewo og Ingunn Aamodt. Boka, hevdar Mjør, ”viser kva feller sakprosaen kan gå i om ein ikkje veit kva ein vil med han”. Og sjølv om Mjør i meldinga kanskje fokuserer litt meir på sak enn på prosa, peikar ho på fleire kritikkverdige element også ved biletbruk, argumentasjon, struktur og språkføring, før ho i ein velgrunna konklusjon slår fast at både forfattarane og forlaget Cappelen Damm her har gjort slett arbeid. For, som Mjør avslutningsvis skriv: ”Det er viktig å laga god sakprosa for barn, det er også eit kulturpolitisk satsingsområde.” Og det er det jo vanskelig å seie seg ueinig i.

Les meldinga av Hurra for Norge! her (pdf)

Diskutér på facebook