Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Prosalong i Oslo: Etikk i sakprosaen

27. februar, 2019 kl. 7:00 pm

Simen Sætre (fv.), Bjørn Olav Jahr, Tuva Ørbeck Sørheim og Åshild Eidem.

 

Møt sakprosaforfattarar og forleggjarar til samtale om uskrivne reglar
i sakprosaforleggjeriet og vanskelege etiske val i skrivinga. Kan formulerte retningsliner vere eit gode?

Forfattar og journalist Simen Sætre skriv i Prosa nr. 6/18 «om
forlagas etiske føleri» at journalistikken er modigare enn sakprosaen fordi journalistikken har eit nedfelt etisk regelverk å halde seg til
(Vær Varsam-plakaten). Bøkene er meir konvensjonelle, mindre eksperimentelle og kan gjere stor skade på tredjepersonar – vanlege menneske som risikerer å bli utleverte – utan at dei har rett på «samtidig imøtegåing», hevdar Sætre.

Med Simen Sætre, Tuva Ørbeck Sørheim og Bjørn Olav Jahr.
Ordstyrar: Åshild Eidem.

Dørene opnar kl. 18:30.
Snille innkjøpsprisar i baren – og gratis inngang!

Meld gjerne di interesse for arrangementet på Facebook

Simen Sætre er sakprosaforfattar og journalist i Morgenbladet. Siste bok: Fjordman. Portrett av en antiislamist (Cappelen Damm 2013).

Tuva Ø. Sørheim er sjefredaktør i Kagge Forlag og står bak sakprosasatsinga til forlaget.

Bjørn Olav Jahr er sakprosaforfattar og sakprosaredaktør i Gyldendal. Siste bok: Drapene i Baneheia. To historier, en sannhet (Pitch forlag 2017). Han har markert seg som ein viktig true crime-forfattar, også i TV-seriesjangeren.

Åshild Eidem er sakprosaforfattar. Siste bok: Arven etter far. Fillerya som ble en stor skole, sammen med Laila Bokhari (Gyldendal 2017).

Spørsmål? Kontakt formidlingsansvarleg i NFFO, Kristine Isaksen, på kristine.isaksen@nffo / 952 01 968.

Detaljer

Dato:
27. februar, 2019
Tid
7:00 pm
Kategori for Arrangement:
Hjemmeside:
https://nffo.no/aktuelt/kalender/prosalong-i-oslo-etikk-i-sakprosaskriving

Arrangør

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
View Arrangør Website

Sted

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
Uranienborgveien 2 0258 + Google-kart
View Sted Website