Laster Hendelser

« All Events

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Norsk sakprosafestival i Oslo

12. oktober

 

Neste lørdag braker det løs med høstens saklige eventyr! For syvende år på rad arrangeres Norsk sakprosafestival i Oslo. Som vanlig er det på Litteraturhuset det skjer, før det hele avsluttes med festligheter i lokalene hos Fritt ord, Uranienborgveien 2.

Fra arrangørens Facebookside:

GÅR DET TIL HELVETE? spør Norsk sakprosafestival 2019 og går rett til der det brenn, til krig, klimaendringar, samlivsbrot og flukt. Vi inviterer nokre av dei fremste ekspertane i verda på ymse kriser for å gjere oss klokare på dei mørkaste temaa.

Krigsforfattar Antony Beevor held eit foredrag om «den største krigen», og danske Carsten Jensen om flukt, krig og klima. Vi skal sjå kriser i kvitauget, for krise kan òg bety vendepunkt. Frå då vi trudde på ragnarok, og ikkje minst oppgjennom etterkrigstida har vi forteljingar om korleis folk byggjer nye og betre verder på ruinane frå den førre krisa. Kva kjem ut av krisene vi ser i dag?

Terapeutane Sissel Gran og Peder Kjøs går til time med kvarandre. Eirik Lande held lysbildeshow med kontaktannonsar frå før Tinder og samtaler med Sissel Gran om kvardagskrisa: relasjonane. Kvifor er det så vanskeleg å vere kjærastar? Eller å få kjærastar?

Både olje- og laksenæring skal under lupa på festivalen, og det skal også litterær slakt. Thomas Eriksons bøker har vore slakta på spektakulært vis. Men folk held fram med å kjøpe bøkene hans. På festivalen kan du oppleve Erikson i samtale om eige forfattarskap og om mottakinga av bøkene hans i Noreg.

Temaa er mørke i år, men målet er, som kvart år, at vi skal gå frå Sakprosafestivalen som opplyste menneske. Med oss på vegen ut får vi òg vite kva musikk kan gjere for noko godt med tenkinga vår og måten vi taklar livet på.

Alt unnteke arrangementa i Wergeland er gratis og ope for alle.

Billetter til arrangement i Wergelandsalen

Fullt program:

Detaljer

Dato:
12. oktober
Hendelse Kategori:
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/999752920235485/

Arrangør

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
Hjemmeside:
www.nffo.no

Sted

Litteraturhuset i Oslo
Wergelandsveien 29 Oslo 0167 Norge + Google Map
Hjemmeside:
http://www.litteraturhuset.no/