Laster Hendelser

« All Events

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Litteratursymposiet i Odda 2018

10. oktober - 14. oktober

 

Vi lever i ei tid der den amerikanske presidenten blir tatt i å servere 2000 løgner det første året i embetet. Politikarar har fått dårlig hukommelse og held tilbake info for sjefen, og den ideelle organisasjonen som faktasjekker samfunnsdebatten har eit godt beite.

Skjønnlitteraturen blir stadig etterprøvd og kommentert av folk som føler seg uthengde – det er ikkje sant, det var ikkje sånn det var. Kva gjer det med oppfatninga vår av sanning? Og av litteraturen?

Kva gjekk gale i Svenska Akedemien? Har oppdrettsnæringa skylda for alt som er gale i norske fjordar? Kor langt kan ein dikte seg inn i andre sine hovud før ein slit med kjeldehenvisingane? Kor relevant er Ibsen livsløgner i dag?

Dette og meir til skal utforskast når LØGN er tema på #littsymp 2018.

Om lag 80 forfattarar, musikarar, debattantar, skodespelarar og andre kunstnar kjem til Odda i veke 40. Som vanleg vil gamle venner av symposiet stå side om side med nye stemmer på programmet.

Festivalen har sidan 2005 utvikla seg til å bli ein av landets mest særeigne litteraturfestivalar, eit fem dagar langt gilde med litterære samtalar, debattar, opplesingar, konsertar, vandringar og overraskingar. Festival går i hovudsak føre seg på det nedlagde smelteverket i Odda.

 

Hentet fra:
http://www.litteratursymposiet.no/siste-nytt/littsymp2018

Detaljer

Start:
10. oktober
Slutt:
14. oktober
Hjemmeside:
http://www.litteratursymposiet.no/heim

Arrangør

Litteratursymposiet i Odda